Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Færre enn halvparten av innbyggjarane i England og Wales vurderer seg som kristne, viser ei fersk oversikt.
Publisert: 29.11.2022 kl 15:37
Det er første gong Storbritannias statsreligion får tilslutning frå mindre enn halvparten av befolkninga.
Storbritannia har vorte eit stadig mindre religiøst og mindre kvitt samfunn det siste tiåret, viser oversikta frå 2021 som det nasjonale statistikkbyrået la fram tysdag.
46,2 prosent av befolkninga i Wales og England beskriv seg som kristne, ned frå 59,3 prosent ti år tidlegare. Den muslimske delen av befolkninga auka frå 4,9 prosent til 6,5 prosent, medan hinduane auka frå 1,5 prosent til 1,7 prosent.
Meir enn 1 av 3 (37 prosent), sa at dei ikkje tilhøyrde nokon religion. Dette er ein auke frå 25 prosent i 2011. Tala for Skottland og Nord-Irland er ikkje klare.
Tilhengjarar av eit sekulært Storbritannia meiner at endringane bør utløyse ein gjennomgang av korleis religion er innvoven i det britiske samfunnet. I Storbritannia driv Church of England skular med statlege pengar, anglikanske biskopar sit i Overhuset og monarken er forsvararen og overhovudet til trua for kyrkja.
Andrew Copson, leiaren for organisasjonen Humanists UK, seier at den dramatiske veksten til dei ikkje-religiøse har gjort Storbritannia til eit av dei minst religiøse landa i verda.
– Noko av det mest slåande ved denne undersøkinga er at ein så stor del av befolkninga er i utakt med staten. Ingen nasjon i Europa har eit slikt religiøst oppsett som vi har i form av lovverk og offentleg politikk, og samtidig ein så stor ikkje-religiøs del av befolkninga, seier Copson.
(©NPK)
Folk vandrar i ei julepynta Regent Street i London. Ei ny undersøking viser at stadig fleire engelskmenn og walisarar ser på seg sjølv som ikkje-religiøse. Foto: Kin Cheung / AP / NTB
Under halvparten av befolkninga i England og Wales ser seg som kristne. Det er første gong kyrkja som kong Charles er overhovudet for, har så låg oppslutning. Biletet er teke i samband med dronning Elizabeths bortgang. Foto: Heiko Junge / NTB