Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ei kvinne blei tysdag morgon funnen død på Bygdin Fjellhotell i Jotunheimen. Politiet behandlar saka som eit mistenkjeleg dødsfall.
npk@npk.no
Publisert: 23.08.2016 kl 13:34
Politiet fekk melding om saka ved 8.30-tida tysdag, ifølgje Innlandet politidistrikt.
– Omstenda rundt funnet gjorde at politiet straks sette i verk etterforsking og ser på dødsfallet som mistenkjeleg. Våre kriminalteknikarar er no i gang med å undersøkje funnstaden, og vi avhøyrer personar som var på staden. Etterforskinga frå politiet vidare vil avklare om det har skjedd noko straffbart eller ikkje, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Kari-Anne Dobloug.
Den døde kvinna er sendt til obduksjon. Dei pårørande er ikkje varsla om dødsfallet, og politiet kan derfor ikkje gi ytterlegare opplysningar om den avdøde.
Bygdin Fjellhotell ligg på 1.065 meter over havet ved innsjøen med same namn, rundt 12 kilometer nord for Beitostølen. Historia til hotellet historie strekker seg tilbake til 1897.
Ifølgje VG er den døde ei ung kvinne. Ho skal ha blitt funnen innandørs på hotellet, men ikkje på rommet sitt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.