Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Szeged (NTB-AFP): Ungarn har begynt å forsterke grensegjerdet mot Serbia etter at straumen av flyktningar og migrantar igjen har vekse.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 15:51
Bakgrunnen for at fleire igjen finn vegen til grensa mot Ungarn, er at greske styresmakter i førre veke flytta drygt 8.000 flyktningar frå ein provisorisk leir i Idomeni ved grensa mot Makedonia.
– Etter stengingaav Idomeni-leiren sist veke har talet på migrantar som prøver å krysse Ungarns grense auka, seier Gyorgy Bakondi, ein av statsminister Viktor Orbans mest fortrudde rådgjevarar.
Ifølgje Bakondi tar mellom 100 og 150 menneske no seg ulovleg over grensa dagleg, mot mellom 70 og 90 så lenge Idomeni-leiren framleis var open.
Som eit resultat av dette vil ungarske styresmakter nå erstatte mellombelse piggtrådsperringar fleire stader langs grensa, med meir permanente grensegjerde.
Dette vil skje på stader der piggtråd «ikkje lenger er tilstrekkeleg til å halde migrantane ute», seier Bakondi.
Mellom 200 og 250 flyktningar og migrantar venta måndag på serbisk side av grensa til Ungarn, i håp om å kunne ta seg over.
Rundt 300.000 flyktningar og migrantar passerte i fjor gjennom Ungarn, før den høgreorienterte regjeringa i landet stengde grensa mot Serbia og Kroatia. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.