Klargjør siden...

Ungarsk avstemming om svensk Nato-medlemskap tidlegast 6. november

Den ungarske nasjonalforsamlinga kan tidlegast ha ei avstemming 6. november om Sveriges Nato-medlemskap.

Det opplyser Agnes Vadai, som sit i forsamlinga, til det svenske nyheitsbyrået TT.

Verken Tyrkia eller Ungarn har så langt godkjent avgjerda om å sleppe Sverige inn i Nato, men Tyrkias president har no sendt saka til behandling i nasjonalforsamlinga i landet.

I alle Nato-land må dei folkevalde gi grønt lys før avgjerda kan tre i kraft.

(©NPK)

Annonse