Ungdata: Vald og lovbrot aukar blant unge – høgaste mobbetal registrert

Ni av ti norske tenåringar seier at dei har eit bra liv, men blant eit mindretal av dei unge er det nokre urovekkjande tendensar som er på veg opp.

Ungdata-rapportane i år er utarbeidde av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet og blir lagde fram under Arendalsveka måndag. Dei to rapportane jamfører tal frå undersøkingar gjennomført blant over 250.000 barn og unge frå 5. klasse til 3. trinn på vidaregåande skular landet rundt. Forskarane på NOVA understrekar at dei fleste norske barn og unge har gode oppvekstvilkår og høg livskvalitet, men at enkelte utviklingstrekk vekkjer bekymring.

– Årets mobbetal er dei høgaste sidan Ungdata byrja å kartleggje dette for godt over ti år sidan. Andelen som har vorte utsett for vald frå jamaldra, har auka dei aller siste åra. Det same gjeld andelen som har vore i slåstkamp. Samtidig held mistrivselen i skulen og skulketala fram å auke. Sjølv om dei fleste ungdommar er lovlydige, har andelen som rapporterer om nasking og hærverk, auka. Det same gjeld bruken av alkohol og narkotiske stoff, heiter det i rapportsamandraget.

Mobbing aukar

Elevane på ungdomsskule og vidaregåande skule har svart på i kva grad dei sjølv eller andre på skulen opplever vald, mobbing eller trakassering, og om dei sjølv utset andre for mobbing.

Her svarer 8 prosent av ungdommane at dei blir utsette for plaging, truslar og utfrysing frå jamaldra på skulen eller i fritida minst kvar 14. dag. Det er ein auke på 33 prosent frå 2021.

– Talet er det høgaste sidan målingane i Ungdata starta på ungdomstrinnet, opplyser NOVA.

Andelen gutar som rapporterer at dei sjølv utset andre for mobbing, ligg rundt 6–7 prosent, som er høgare enn det som har vore rapportert tidlegare. Andelen jenter som oppgir at dei mobbar andre, ligg mykje lågare, på 1–2 prosent, og har halde seg stabilt sidan undersøkingane byrja.

Rapporten Ungdata junior viser i tillegg at 13 prosent av barna i 5.–7. klasse opplever plaging, truslar og utfrysing kvar 14. dag eller oftare, også der har det vore ein auke.

Fleire bryt lover og reglar

Ungdommen frå 8. klasse og opp bli spurd om risikoåtferd: bruk av rusmiddel og involvering i ulike former for regelbrot. Generelt er det eit mindretal som rapporterer at dei driv med dette.

Forskarane i NOVA trekkjer likevel fram ein auke dei siste åra i andelen som har naska i butikkar, drive med hærverk eller tagga.

15 prosent av gutane og 10 prosent av jentene innrømmer å ha naska i butikken, medan éin av seks ungdommar har vore borte ei heil natt utan at føresette visste kvar dei var.

Heile 30 prosent av gutane og 27 prosent av jentene seier dei har lurt seg frå å betale på kino eller snike på buss eller liknande.

Slåsting og vald

Andelen gutar som har vore i slåstkamp, 25 prosent, er også høgare no enn i førre måling frå 2022. 7 prosent av jentene oppgir å ha vore i slåstkamp, som er på nivå med tidlegare.

Frå 2021 til 2023/2024 er det også betydeleg fleire som svarer at dei har vorte trua, angripe eller rana av ein annan ungdom med gjenstandar eller våpen. 6 prosent seier dei har opplevd dette, mot 4 prosent i førre måling.

– Å debutere tidleg med kriminalitet, og å gjere seg skuldig i lovbrot av alvorleg karakter, aukar risikoen for ein kriminell løpebane seinare i livet. Ofte har ungdom som gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, tilleggsproblem som ustabilt heimeliv, psykiske vanskar, dårleg skuletilpassing, svakt sosialt nettverk og rusproblem, opplyser NOVA.

Enno optimisme

På den positive sida viser undersøkingane at 90 prosent meiner at liva deira er bra, og 85 prosent opplever at dei har alt dei ønskjer seg i livet. Dei fleste har gode oppvekstvilkår og høg livskvalitet. Til dømes aukar andelen barn og unge som driv med organiserte fritidsaktivitetar, og aldri før har det vore fleire som trenar i fritida.

– Vi ser også ein liten nedgang i andelen unge som er plaga av einsemd og psykiske helseplager.

På ungdomsskulen og i vidaregåande skule er trua på framtida sterk og held seg stort sett på nivå med dei siste fire–fem åra.

– Så mange som 68 prosent trur dei kjem til å få eit godt og lykkeleg liv, og berre 17 prosent trur at dei nokon gong kjem til å bli arbeidsledige. Unntaket er gutar på ungdomstrinnet, der andelen som trur dei blir arbeidsledige, har auka frå 21 til 26 prosent, opplyser forskarane.

(©NPK)

Éin av fire gutar på ungdomsskulen og vidaregåande seier dei har vore i slåstkamp det siste året. 6 prosent av ungdommane seier dei har vorte trua, angripe eller rana av ein annan ungdom. Foto: Gorm Kallestad / NTB

85 prosent trivst på skulen, men på midten av 2010-talet var andelen heile 93 prosent. Samtidig har det vore ein auke i andelen som kjenner seg utestengd, plaga og trua av andre elevar. Foto: Wilma Nora Dorthellinger Nygaard / NTB

Dei fleste ungdommane seier dei har nære venner, og nesten alle har nokon å vere saman med både på skulen og i fritida. Dei fleste er tilfredse med foreldra sine, skulen dei går på, med lærarane sine og med lokalmiljøet dei bur i. Fleirtalet rapporterer om god fysisk og psykisk helse. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Annonse