United med overraskande Arnautovic-framstøyt – agenten stadfestar bod

Søndag dukka fleire truverdige medium opp med meldingar om at Manchester United er interesserte i Marko Arnautovic. Agenten har stadfesta bod på spelaren.

Danijel Arnautović, som også er bror til angrepsspelaren, fortalde søndag kveld til austerrikske Kurier Sport at Bologna har fått eit bod frå ein «velkjent klubb».

– Det stemmer at det har komme eit bod frå ein velkjend klubb. Eg er i kontakt med Bologna for å sjå om det kan la seg gjere, sa han.

Både engelske og italienske media, blant dei The Athletic og Sky Italia, melde søndag ettermiddag at Arnautović skal vere høginteressant for den engelske storklubben. Erik ten Hag har god kjennskap til austerrikaren frå deira tid saman i Twente.

Arnautovic har også ei lang fortid frå Premier League. Frå 2013 til 2019 skåra 33-åringen 22 og 21 mål for høvesvis Stoke (2013-2017) og West Ham (2017-2019).

Manchester United gjekk søndag på eit svidande 1-2-tap heime mot Brighton i den første Premier League-kampen til laget for sesongen.

(©NPK)

Manchester United-manager Erik ten Hag skal ifølgje fleire medium ønskje seg Marko Arnautovic til klubben. Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP / NTB

Annonse