United stadfestar Martínez-signering: – Ei ære å komme hit

Manchester United har omsider stadfesta signeringa av den argentinske forsvarsspelaren Lisandro Martínez (24). Han blir henta frå nederlandske Ajax.

24-åringen har signert ein femårskontrakt, opplyser klubben på nettsidene sine.

– Det er ei ære å komme til denne klubben. Eg har vore så heldig å få lov til å vere del av suksessfulle lag i karrieren, og derfor har eg no valt å signere for Manchester United, fortel Martínez.

Ifølgje fleire britiske medium, blant dei BBC, kjem midtstopparen til å koste Manchester United om lag 57 millionar pund (674 millionar kroner).

Manchester United og Ajax vart samde om overgangssummen allereie den 17. juli, men den endelege stadfestinga har late vente på seg. Forsvarsspelaren måtte mellom anna gjennom ein legesjekk, i tillegg til å få arbeidsløyvet i orden.

– Eg har jobba hardt for å nå denne augneblinken, og no skal eg «pushe» meg sjølv ytterlegare. Det vil krevje hardt arbeid, men eg er fast bestemd på at vi kan klare det, held argentinaren fram.

Argentinaren signerte for Ajax i 2019, og spelte ei nøkkelrolle i Erik ten Hags lag gjennom tre suksessfulle sesongar.

– Eg ønskjer å takke Ajax og supporterane deira for støtta dei har gitt meg. Eg hadde ei vedunderleg tid der, men eg føler at tida er moden for å prøve meg ein annan stad. Dette er den perfekte klubben i så måte, seier Martínez.

Midtstopparen har anvendelegheit som éin av dei fremste styrkane sine, og han kan dekkje fleire posisjonar i forsvarsleddet, i tillegg til at han også fleire gonger har vorte brukt djupt på den sentrale midtbanen.

(©NPK)

Annonse