Annonse

Universitetet i Søraust-Noreg gjer om alle eksamenar til heimeeksamenar

Universitetet i Søraust-Noreg har bestemt at alle eksamenar før jul skal vere heimeeksamenar. Årsaka er eit aukande smittetrykk på fleire av campusane.

– Skulle vi leggje om, så var dette tidspunktet. Det er ei heil rekkje forhold som gjer at eg saman med beredskapsorganisasjonen har landa på dette, seier rektor Petter Aasen til Khrono.

Sjølv om det berre er campusen på Kongsberg som direkte er påverka av dei regionale koronatiltaka til regjeringa, tenkjer Aasen at talet på kommunar dette vil gjelde, fort kan endre seg.

– Vi har også dei siste dagane registrert eit aukande smittetrykk på mange av campusane våre. Det nærmar seg jo jul, så om ein skulle vere så uheldig å vere nærkontakt, så kan det for nokre studentar bety at heimreisa står i fare, seier han.

(©NPK)

Rektor Petter Aasen ved Universitetet i Søraust-Noreg har bestemt at alle eksamenar ved universitetet skal gjennomførast som heimeeksamenar. Auka smittetrykk er noko av grunngjevinga.
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB