Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Tommy Urhaug vann igjen gruppekampen i bordtennis fredag og går utan tap inn i cupspelet i dei paralympiske leikane i Rio de Janeiro.
npk@npk.no
Publisert: 09.09.2016 kl 19:31
Nicolas Savant Aira frå Frankrike hang godt med i dei to første setta, men Urhaug avgjorde dei i sin favør. I det siste settet var han overlegen på vegen mot 3– 0-sigeren (11-8, 11-8, 11-2). Kampen var avgjort på 19 minutt.
Urhaug er tittelforsvarar og siktar høgt også i Rio de Janeiro. Torsdag vann han opningskampen sin i gruppespelet i klasse 5 (sitjande) mot egyptaren Ehab Fetir med 3– 0 på berre 18 minutt.
– Forma er der ho skal vere. Dette var kanskje ikkje den beste kampen min, men eg fekk han dit eg ville, sa Urhaug til NRK.
Nordmannen er klar for kvartfinale søndag.
Aida Dahlen, som er kvinneleg norsk deltakar i bordtennis, speler seint fredag kveld om andreplassen i si gruppe i klasse 8 (ståande). Ho møter da Josephine Medina frå Filippinane.
Både Medina og Dahlen tapte torsdag 0– 3 for den kinesiske gruppevinnaren Mao Jingdian. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.