Klargjør siden...

Uroleg børsveke enda med nedgang i Europa

Medan asiatiske børsar gjekk i pluss fredag, enda ei uroleg børsveke med nedgang i Europa. Også amerikanske børsar opna med nedgang.

FTSE 100-indeksen i London enda fredag 1 prosent ned og har falle med 5,3 prosent den siste veka.

DAX-indeksen i Frankfurt enda 1,3 prosent ned og har falle med 4,3 prosent dei siste fem børsdagane.

CAC 40-indeksen i Paris leid same lagnad og har falle med 4,1 prosent den siste veka. Fredag enda indeksen 1,4 prosent ned.

Sidan årsskiftet har likevel CAC 40-indeksen stige med 7 prosent, medan DAX-indeksen har stige med 6,1 prosent. FTSE 100-indeksen har derimot falle med 1,6 prosent så langt i år.

Også amerikanske børsar opna fredag med nedgang. Etter vel fire timars handel var Dow Jones ned 1,1 prosent, S&P 500 ned 1 prosent og Nasdaq ned 0,6 prosent.

(©NPK)

Europeiske børsar kan sjå tilbake på ei uroleg veke med store svingingar. Denne børsmeklaren i Frankfurt måtte fredag konstatere at DAX-indeksen fall med 1,3 prosent. Foto: DPA / AP / NTB

Annonse