Klargjør siden...

USA åtvarar: Fotball-EM eit mogleg terrormål

(NPK-NTB-AFP): Amerikanske styresmakter åtvarar om at fotball-EM i Frankrike i sommar er eit mogleg terrormål.

Meisterskapen varer frå 10. juni til finalen 10. juli og går føre seg i ei rekkje byar over heile Frankrike.

Det amerikanske utanriksdepartementet har samstundes sendt ut ei åtvaring til amerikanske statsborgarar om å vere merksame på auka risiko for terroråtak over heile Europa, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Åtvaringa gjeld fram til 31. august. (©NPK)

Annonse