USA åtvarar mot kinesisk forslag om våpenkvile i Ukraina
USA ser med stor bekymring på at Kina prøver å posisjonere seg som fredsmeklar mellom Ukraina og Russland, seier ein talsmann.
Ein talsmann for president Joe Bidens nasjonale tryggingsråd sa torsdag at det vil vere positivt dersom den kinesiske presidenten Xi Jinping tek ein prat med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.
– Det vil vere ein svært god ting dersom dei to snakkar saman. Vi støttar og har støtta slik kontakt, sa John Kirby.
Xi besøkjer neste veke Moskva, men Kirby åtvara fredag mot det kinesiske forslaget om ei våpenkvile i Ukraina og meiner at det berre vil tene Russland.
– Vi støttar ikkje oppmodingane til våpenkvile no, sa han.
– Ei våpenkvile no vil vere det same som ei ratifisering av dei russiske erobringane, sa Kirby.
– Russland vil stå fritt til å bruke ei slik våpenkvile til å ytterlegare styrkje stillinga si i Ukraina, til å byggje opp igjen styrkane sine slik at dei kan starte nye angrep seinare når dei måtte finne det for godt, sa han.
– Vi trur ikkje at dette vil vere eit steg mot rettferdig og varig fred, sa Kirby.
Natos generalsekretær Jens Stoltenberg har tidlegare hevda at Beijing manglar truverd som fredsmeklar i Ukraina ettersom dei ikkje har fordømt den russiske invasjonen.
Zelenskyj har derimot stilt seg meir open til delar av den kinesiske fredsplanen.
(©NPK)
Ein talsmann for president Joe Bidens nasjonale tryggingsråd, John Kirby, åtvarar mot eit kinesisk forslag om våpenkvile i Ukraina og meiner at det berre vil gi Russland høve til å forsterke erobringane sine i landet. Foto: AP / NTB