USA avviser Kinas ballongforklaring – seier ballongen bryt folkeretten

USAs forsvarsdepartementet seier den kinesiske ballongen som flyg over landet, kan manøvrerast og at det er ein overvakingsballong som bryt med folkeretten.

Dei avviser den kinesiske forklaringa om at det ikkje er snakk om ein spionballong, men ein sivil vêrballong på avvegar. Ifølgje Pentagon heng det ei stor nyttelast, skildra som overvakingsutstyr, under ballongen.

Ballongen er på veg austover og vil truleg vere i amerikansk luftrom i fleire dagar, opplyser Pentagon, som følgjer med etter at han endra retning. Ballongen er i rundt 60.000 fots høgd, langt høgare enn kommersiell flytrafikk. Departementet seier han ikkje utgjer nokon trussel for folk på bakken.

Pentagon seier dei har sett liknande ballongaktivitet før, men at denne saka skil seg ut fordi ballongen har vore i amerikansk luftrom i ein lengre periode. Den vart først observert onsdag.

Også sett over Canada

Styresmaktene seier det ikkje er teikn til at det er kjernefysisk eller radioaktivt materiale om bord i ballongane. Dei vurderer løpande korleis han skal handterast. Pentagon vil heller ikkje seie nøyaktig kvar han er, men at han er over sentrale deler av landet.

Ein ballong vart fotografert høgt over delstaten Montana onsdag, men Pentagon vil ikkje stadfeste om det er den aktuelle kinesiske ballongen.

Også canadiske styresmakter har observert ballongen.

Stoppa Kina-besøk

Hendinga har også fått politiske konsekvensar for forholdet mellom USA og Kina. Utanriksminister Antony Blinken har utsett eit Kina-besøk på ubestemd tid. Etter planen skulle han reist til Beijing søndag for eit to dagar langt besøk, der han mellom anna skulle møte president Xi Jinping.

Blinken ville i så fall vorte den første ministeren frå Joe Bidens administrasjon som fekk møte den kinesiske leiaren.

(©NPK)

Denne ballongen blei fotografert høgt over Billings i delstaten Montana onsdag. Pentagon vil ikkje bekrefte om bildet er av den kinesiske ballongen dei føljer med på. Foto: Larry Mayer / The Billings Gazette / AP / NTB