Klargjør siden...
Annonse

USA forlengjer grensestengingstiltak

USA forlengjer stenginga av landegrensene mot Canada og Mexico til minst 21. august.

Det har departementet for innanlands tryggleik kunngjort, etter at Canadas regjering tidlegare i veka varsla at dei vil sleppe fullt vaksinerte amerikanske borgarar inn i Canada frå 9. august, og frå resten av verda frå 7. september.

Det er uklart korleis, eller om, den amerikanske avgjerda vil berøre avgjerda til Canada.

Avgjerda til USA blir knytt til at smittespreiinga av koronavirus framleis blir vurdert som ein trussel mot liv og nasjonale interesser, heiter det i kunngjeringa frå Washington.

Varehandel over landegrensene blir ikkje ramma av stenginga.

(©NPK)

Foto som viser grenseovergangen frå Lacolle i Quebec i Canada til Vermont i USA tidlegare i år. Arkivfoto: Paul Chiasson / The Canadian Press via AP / NTB