Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Reuters): 70 kurdiske gislar er frigjorde og fem IS-krigarar tekne til fange under ein amerikansk operasjon nord i Irak natt til torsdag, ifølgje Pentagon. Ein amerikansk soldat blei drepen i aksjonen.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 15:32
Sist oppdatert: 22.10.2015 kl 17:37
Det er første gong ein amerikansk soldat er blitt drepen på bakken i kampar mot Den islamske staten (IS) i Irak og Syria, ifølgje CNN.
Det var dei kurdiske regionale styresmaktene i Nord-Irak som bad USA om å gjennomføre aksjonen i nærleiken av IS-okkuperte Hawija, vest for Kirkuk, ifølgje ein talsmann for Pentagon.
Han seier at til saman 70 gislar blei frigjorde, at fem IS-krigarar blei gripne, og at eit ukjent tal IS-krigarar blei drepne. (©NPK)