USA hevdar avlytting styrkjer bombeteori

(NPK-NTB-Reuters): Etterretningsinformasjon innhenta gjennom avlytting støttar teorien om at det var ei bombe som var årsak til flystyrten i Egypt førre laurdag, opplyser amerikanske styresmakter.

Styresmaktene i USA opplyser at etterretningstenestene har snappa opp kommunikasjon som støttar bombeteorien.

Men både amerikanske og europeiske styresmakter opplyser at det er viktig å vise varsemd og ikkje slå fast noko enno, så lenge det ikkje ligg føre konkrete bevis på at det var ei bombe om bord. Det er også mogleg at ein teknisk feil førte til flystyrten, påpeiker dei, og ei kjelde opplyser at det ligg føre motstridande etterretningsopplysningar om det fanst ei bombe på flyet.

Det var seint fredag ettermiddag ingen ytterlegare opplysningar om korleis amerikansk etterretning har fanga opp opplysningane, eller om kven som blei avlytta.

Det var eit russisk charterfly med 224 turistar, dei fleste av dei russarar, som styrta på Sinai-halvøya førre laurdag. Alle mista livet. (©NPK)

Annonse