USA og Kina minst uroa over klimaendringane
(NPK-NTB-AFP): USA og Kina er dei største forureinarane i verda, men innbyggjarane der er blant dei som er minst uroa over klimaendringane, ifølgje ei måling.
Berre 18 prosent av dei spurde i Kina meiner klimaendringar er eit veldig alvorleg problem, viser ei global måling utført av Pew Research Center.
15 prosent av dei spurde i Kina seier at dei er veldig uroleg for at klimaendringane kjem til å få personlege følgjer for dei.
I USA svarar 45 prosent at klimaendringar er eit veldig alvorleg problem, og éin av tre uttrykkjer bekymring for at det kan få konsekvensar for dei personleg.
– Fleirtalet i alle dei 40 landa som er med i målinga, seier det er eit alvorleg problem, mens ein global median på 54 prosent meiner det er veldig alvorleg problem, heiter det.
Land i Latin-Amerika er mest uroa over klimaendringane, ifølgje målinga. Der svarar 74 prosent at dei tar klimaendringane alvorleg. Deretter følgjer afrikanske land (61 prosent) og europeiske land (54 prosent). (©NPK)