USA og Russland møtest til Syria-samtalar

(NPK-NTB-AFP-Reuters): Utanriksministeren i Russland, Sergej Lavrov, og utanriksministeren i USA, John Kerry, skal fredag møtest til samtalar om Syria i Wien saman med utanriksministrane frå Tyrkia og Saudi-Arabia.

Det opplyser utanriksdepartementet i Russland.

Det russiske nyheitsbyrået Tass fortel at Jordan òg skal vere med i samtalane i Austerrike fredag.

Departementet opplyser at Lavrov og Kerry snakka saman på telefon onsdag, dagen etter at presidenten i Syria, Bashar al-Assad, drog til Moskva for å møte president Vladimir Putin. (©NPK)

Annonse