USA og Storbritannia skuldar Russland for å styrkje IS

(NPK-NTB-AP-AFP): Den russiske støtta til syriske regjeringsstyrkar bidreg til å styrke IS, hevdar amerikanske og britiske styresmakter.

– Det Russland no held på med, styrkjer direkte ISIL, seier den amerikanske diplomaten Brett McGurk. Han leier Obama-administrasjonens kamp mot den ytterleggåande islamistgruppa som oftast blir omtala som IS.

Syriske regjeringsstyrkar er no på frammarsj i Aleppo-provinsen, der dei med russisk flystøtte driv opprørarar på retrett. Dette er opprørarar som tidlegare kjempa mot IS, hevdar McGurk.

Ifølgje han bidreg Russland no også til å forverre den humanitære krisa og fremje ekstremisme i Syria, noko han kallar «totalt uakseptabelt».

Den britiske utanriksministeren Philip Hammond er av same oppfatning.

– Russland og regimet angrip no opposisjonen og styrkjer dermed Daesh, seier Hammond, som bruker det arabiske akronymet på IS.

– Angrepa mot sivilbefolkninga og infrastrukturen er brot på internasjonal humanitær lov, seier Hammond. (©NPK)