Annonse
Annonse

USA saksøkjer Google

Det amerikanske justisdepartementet har saksøkt Google for den dominerande posisjonen deira innan annonsering på nett.

Annonse

I søksmålet blir Google skulda for «ulovleg å drive monopol» i marknaden for nettbasert annonsering, søkjeannonsering og andre aktivitetar knytt til søkjemotoren sin.

Fleire delstatar har også slutta opp om søksmålet, der Google blir skulda for å ha «nøytralisert eller eliminert» rivalar gjennom oppkjøp, og dessutan ved å tvinge annonsørar til å nytte deira teneste ved å gjere det vanskeleg å nytte det konkurrentane kan tilby.

(©NPK)

Foto: AP / NTB

Annonse