Annonse

USA skal støtte Georgias forsvar i seks år til

Forsvarsminister Lloyd Austin i USA har signert ein avtale for å halde fram den amerikanske støtta til det georgiske forsvaret i seks år til.

Den noverande avtalen om støtte mellom dei to landa går ut ved slutten av 2021, men Austin og Georgias forsvarsminister Junasjer Burtsjuladze skreiv under på ein erstattande avtale måndag då Austin besøkte landet.

Ifølgje Austin vil den amerikanske støtta hjelpe svartehavslandet Georgia med å byggje eit «effektivt og avskrekkande forsvar». Støtta har fram til no mellom anna gått ut på militærøvingar saman med georgiske styrkar.

I eit møte med statsminister Irakli Garibasjvili sa Austin at «USA fordømmer Russlands okkupasjon av Georgia og dei russiske forsøka på å auke innflytelsen sin i Svartehavsregionen gjennom militær tvang og vondsinna aktivitetar».

Russland har kontrollen over dei georgiske regionane Abkhasia og Sør-Ossetia, som begge har erklært seg som sjølvstendige statar.

(©NPK)

USAs forsvarsminister Lloyd Austin saman med Georgias forsvarsminister Junasher Burchuladze under Austins besøk i Georgia. Foto: Shakh Aivazov / AP / NTB