Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Amerikanske styresmakter skal skjerpe tryggingstiltaka for flyavgangar frå Midtausten til USA, opplyser Jeh Johnson, minister for nasjonal sikkerheit.
frode.kvam@ntb.no
Publisert: 06.11.2015 kl 19:49
Tiltaka vil ramme «visse flygingar» frå Midtausten til USA, opplyser Johnson. Han seier at innskjerpinga skal vere eit føre var-tiltak. I praksis vil det for passasjerar bety at det blir strengare sjekk av alt dei har med seg før dei får gå om bord i flya.
– Dette skjer som forholdstiltak. Vi innfører ei rekke mellombelse føre var-tiltak som del av flytryggleiken ved kommersielle flygingar som skal til USA frå enkelte flyplassar i Midtausten, seier Johnson. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.