Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
USA har sikta 13 kinesiske statsborgarar for spionasje, truslar og forsøk på å stele høgteknologi på vegner av kinesisk etterretning.
Publisert: 24.10.2022 kl 20:25
To av dei sikta, identifisert som Gouchun He og Zheng Wang, verva ifølgje siktinga ein person med tilknyting til den amerikanske påtalemakta. Formålet skal ha vore å skaffe informasjon om saka som USA har reist mot den kinesiske telegiganten Huawei og påverke utfallet.
Vedkommande skal ha fått rundt 640.000 kroner i kryptovalutaen bitcoin, men var dobbeltagent og rapporterte løpande til FBI.
USAs justisminister Merrick Garland og FBI-sjef Christopher Wray heldt måndag ein pressekonferanse der dei gjekk hardt ut mot kinesiske styresmakter.
– Vi kjem aldri til å godta forsøk frå utanlandske makter på å undergrave den amerikanske rettsstaten, sa Garland.
USAs justisminister Merrick Garland gjekk hardt ut mot Kina under ein pressekonferanse måndag. Foto: The New York Times / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.