Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): USA innfører for første gong sanksjonar mot Nord-Koreas leiar Kim Jong-un for menneskerettsovergrep.
npk@npk.no
Publisert: 06.07.2016 kl 20:25
Sanksjonane, som er retta mot Kim og ti andre høgtståande tenestemenn, er eit ledd i Washingtons auka innsats for å isolere det autoritære styret.
Nord-Korea er allereie underlagt eit strengt sanksjonsregime på grunn av atomvåpenprogrammet. Men dette er første gong at USA straffar Kim og andre nordkoreanske leiarar ved å straffe dei personleg på grunn av menneskerettsbrot.
– Under Kim Jong-un fortset Nord-Korea å påføre millionar av sitt eige folk utoleleg vondskap og slit, deriblant utanomrettslege drap, tvangsarbeid og tortur, seier Adam Szubin, fungerande undersekretær for terrorisme og finansetterretning. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.