Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ayman al-Zawahri var ein av hovudideologane bak al-Qaida. Søndag vart han drepen av to Hellfire-missil i Kabul, og al-Qaida kan no gå ei trøblete tid i møte.
are.foli@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 02.08.2022 kl 12:04
Sist oppdatert: 02.08.2022 kl 12:44
Nyheita om al-Zawahri vart stadfesta av president Joe Biden seint måndag kveld.
– Denne terroristleiaren lever ikkje meir, sa Biden i ein TV-send tale frå Det kvite hus.
Med det var ei årelang jakt på al-Zawahri over. Han var rekna som al-Qaidas hovudorganisator og den næraste rådgivaren til Osama bin Laden. Etter at bin Laden vart drepen av amerikanske spesialstyrkar i mai 2011, tok al-Zawahri over som leiar.
Han skal ha vore ein av bakmennene bak terrorangrepa i USA 11. september 2001. Likvideringa er ein stor politisk siger for Biden, elleve månader etter den kaotiske tilbaketrekkinga frå Afghanistan.
Tidlegare i år skal amerikansk etterretning ha oppdaga at al-Zawahris kone, barn og barnebarn var i Afghanistan. Snart fann dei også ut at Al-Zawahri sjølv hadde flytta til huset i hovudstaden Kabul.
Al-Zawahri forlét aldri huset, men var ofte på balkongen, ifølgje opplysningar frå ei amerikansk regjeringskjelde. Slik fekk etterretningstenestene stadfesta opplysningane om at han gøymde seg i bygningen.
Dei siste vekene har Biden møtt rådgivarar og ministrar for å finne ut av kva som var den beste framgangsmåten for å likvidere al-Qaida-leiaren. Då all informasjon låg på bordet, godkjende Biden eit presisjonsangrep mot al-Zawahiri på vilkår av at angrepet minimerte risikoen for sivile tap.
Ved morgongry søndag vart al-Zawahiri drepen på den same balkongen som han var observert på månader i førevegen. Familien, som var i same hus, vart ikkje drepne i droneangrepet.
Heile operasjonen skal ha vorte gjennomført utan at ein einaste amerikanar sette foten i Afghanistan.
Angrepet er det første amerikanske avstandsangrepet mot Afghanistan sidan tilbaketrekkinga frå landet i august i fjor. Taliban, som regjerer i Afghanistan, fordømmer angrepet og har kalla det eit brot på internasjonale forpliktingar.
Huset som vart angripe, var eigd av ein medarbeidar av Taliban-toppen Sirajuddin Haqqani. Amerikanske etterretningskjelder seier at Taliban utvilsamt visste at al-Zawahiri var i Kabul.
USAs utanriksminister Antony Blinken seier Taliban dermed har gjort seg skuldig i eit grovt brot på avtalen som leidde fram til USAs tilbaketrekking frå Afghanistan. Fleire gonger forsikra Taliban at dei ikkje igjen ville tillate at afghansk territorium vart brukt av terroristar som truar tryggleiken i andre land.
Al-Zawahri var utdanna lege og kirurg. Sidan 2001 har han vore etterlyst, og USA lova ut ei påskjønning på 25 millionar dollar for opplysningar som kunne føre til at han vart teken til fange eller drepen.
Han vart fødd i Kairo i 1951, var son av ein farmasiprofessor og soneson av ein imam ved den kjende Al-Azhar-moskeen. På 1980-talet møtte han Osama bin Laden i Afghanistan.
Det er usikkert kva likvideringa betyr for al-Qaida, og mykje avheng av kven som overtek som leiar. Etter tiår med likvideringar og angrep på medlemmene i organisasjonen er det truleg ganske få kandidatar igjen til leiarjobben. Med leiarvakuum, interne konfliktar og konflikt med andre islamistiske grupper, tyder mykje på at al-Qaida går ei trøblete tid i møte.
(©NPK)
Joe Biden stadfesta måndag kveld at Ayman al-Zawahris dagar er talte. Dette biletet er frå 2006. Foto: AP Photo / Al Jazeera / NTB
Al-Zawahri (t.v.) var Osama bin Ladens våpendragar i mange år. Biletet av dei to vart teke i Afghanistan i 1998. Foto: AP Photo / Mazhar Ali Khan / NTB