Klargjør siden...
Annonse

USA vil igjen gi bistand til palestinarane

Biden-regjeringa lovar 235 millionar dollar til palestinarane. Den amerikanske bistanden til palestinarane vart stansa av tidlegare president Donald Trump.

No blir pengeoverføringane sette i gang igjen, og utanriksminister Antony Blinken seier i ei fråsegn at dette er i tråd med amerikanske interesser og verdiar.

(©NPK)