Klargjør siden...

USA vil kutte ut private fengsel

(NPK-NTB): USAs justisdepartement vil slutte å bruke private fengsel. Grunngjevinga er at fengsla verken er betre eller tryggare enn dei som blir drivne av det offentlege.

Avgjerda kjem fram i eit brev som avisa The Washington Post har fått tilgang til.

Justisdepartementet instruerer fengselsstyresmaktene om å ikkje fornye avtalar om privat fengselsdrift når dei går ut og redusere talet så mykje det lèt seg gjere. Målet på sikt er å kutte ut alle private fengsel.

– Private fengsel gir ikkje same nivå på kriminalomsorga og dei tenestene vi ønskjer. Vi sparer ikkje pengar, og fengsla har heller ikkje det ønskte nivået på sikkerheit og tryggleik, står det i grunngjevinga frå justisdepartementet.

Fleire hendingar dei siste åra har vekt debatt om private fengsel. Blant anna døydde ein fengselsbetjent i 2012 i eit fengselsopprør i Mississippi. (©NPK)

Annonse