Klargjør siden...
Annonse

USA vurderer militæreskorte for oljeskip i Gulf-regionen

USA vurderer militæreskorte for å verne skip i Gulf-regionen. Det skjer etter at Irans revolusjonsgarde prøvde å ta ein britisk oljetankar.

General Mark Milley, som er nominert til å overta som USAs neste forsvarssjef, sa i ei senatshøyring torsdag at USA speler ei viktig rolle i å halde oppe navigasjonsfridom i Gulf-regionen.

Også USAs allierte vurderer militæreskorte, ifølgje Milley.

- Eg trur vi kjem til å utvikle dette dei neste vekene, seier han med tilvising til ein plan som inneber å tilby militæreskortar til kommersielle aktørar i regionen.

Fråsegnene hans bygger vidare på forsvarssjef Joseph Dunfords meir udetaljerte kommentarar tidlegare denne veka.

Situasjonen er svært spent etter at Gibraltar i byrjinga av juli arresterte eit iransk oljeskip som følgje av mistanke om at det skulle frakte olje til sanksjonerte Syria. Den iranske Revolusjonsgarden har uttalt at USA og Storbritannia vil «angre djupt» på hendinga.

Dei skal onsdag ha prøvd å ta ein britisk oljetankar i Persiabukta, men skal ha vorte jaga vekk av den britiske fregatten HMS Montrose, som eskorterer oljetankaren på ferda gjennom Persiabukta, ifølgje CNN.

(©NPK)

Den amerikanske generalen Mark Milley seier at USA og deira allierte vurderer militæreskorte for å beskytte oljeskip i Gulf-regionen. Foto: AP / Andrew Harnik / NTB scanpix