Klargjør siden...

Usemje om barnetrygd i Høgre

(NPK-NTB): Fleirtalet i Høgres programkomité vil fjerne barnetrygda. Ein dårleg idé, meiner kunnskapsminister og komitéleiar Torbjørn Røe Isaksen.

Fleirtalet i komiteen ønskjer å erstatte barnetrygda med gratis barnehage og SFO i tillegg til målretta tiltak for å støtte låginntektsfamiliar og gi alle barn moglegheit til ein god oppvekst, skriv Dagsavisen.

– Dagens barnetrygd treffer ikkje dei som trenger det mest. Fleirtalet går derfor inn for å erstatte dagens ordning med eit stort velferdsløft som vil bety mykje for dei som har minst, seier likestillingspolitisk talsperson Tina Bru i Høgre til avisa.

Isaksen, som leier programkomiteen, høyrer derimot til mindretalet som vil behalde barnetrygda.

– Hovudgrunnen til dét er at veldig mange låginntektsfamiliar og spesielt åleineforsørgjarar vil miste ei inntekt, og det vil føre til fleire fattige, seier han. Samtidig opnar Isaksen for å gjere noko med barnetrygda, til dømes å behovsprøve den.

Også programkomiteen til Venstre vil behovsprøve dagens ordning, men komiteen er delt i synet på om den skal kuttast. (©NPK)

Annonse