Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Per Ciljan Skjelbred slit vidare med lårskaden. Landslagskapteinen er usikker før Hertha skal spele mot Ingolstadt laurdag.
npk@npk.no
Publisert: 07.09.2016 kl 13:22
Skjelbred spelte ikkje for Noreg mot Tyskland (0– 3) søndag. Han trena knapt under landslagsopphaldet.
– Det går betre for kvar dag som går. Torsdag skal eg gjere ein test, for eg ønskjer å trene for fullt med laget, seier Skjelbred.
Dersom Skjelbred kjem seg heilberga gjennom testen torsdag, kan trenar Pal Dardai bruke nordmannen mot Ingolstadt, der Ørjan Håskjold Nyland står i mål.
Hertha Berlin starta sesongen med 2-1-siger mot Freiburg, medan Ingolstadt spelte 1– 1 borte mot Hamburg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.