Klargjør siden...
Annonse

Ustabilt vêr i vente over heile landet

Eit lågtrykk set sitt preg på heile landet, og det er venta ustabilt vêr over heile landet, ifølgje meteorologane.

– Det som er sikkert, er at det sørgjer for ustabilt vêr over heile landet det neste døgnet, skriv Meteorologisk institutt på Twitter måndag formiddag.

Det blir sannsynleg Midt-Noreg som får det verste vêret, ifølgje meteorologane.

– Der kan det også bli tore gjennom kvelden, skriv dei vidare.

Dei neste dagane er det venta rundt 20 grader på delar av Austlandet, medan det kan bli rundt fem grader lågare i vest og i nord.

(©NPK)

Det er all grunn til å ha paraplyen klar, ifølgje prognosane til meteorologen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB/ NPK

Annonse