Annonse

Utdanningsforbundet: KS styrer mot tvungen lønnsnemnd i lærarstreiken

Utdanningsforbundet forlét søndag forhandlingsbordet og held lærarstreiken fram. Dei hevdar KS med vilje styrer mot tvungen lønnsnemnd.

Den lengste lærarstreiken i historia held fram måndag med 8.200 lærarar i streik over heile landet. Utdanningsforbundet skuldar KS for å vente på ei tvungen lønnsnemnd.

– Vi kjende vi stod i eit val mellom å offentleggjere forhandlingstilboda våre for å skape rørsle eller bli sitjande stille med ein arbeidsgivar som styrer mot tvungen lønnsnemnd, sa leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet på Politisk kvarter måndag.

Strid konflikt

Utdanningsforbundet gjekk laurdag ut med eit forslag som ifølgje dei skal hjelpe lærarane med å komme betre ut av lønnsoppgjera i både 2022 og 2023 – og samtidig vere innanfor ramma for oppgjeret og akseptabelt for dei 37 andre forbunda i KS-oppgjeret.

Dei forlét likevel forhandlingsbordet med KS etter berre to timar søndag, fordi dei meiner arbeidsgivar er uvillig til å forhandle fram ei løysing.

– KS har funne ein posisjon der dei ikkje vil gjere noko. Dei sit stille og ser på at streik rammar norske barn og elevar medan dei ventar på at regjeringa skal gripe inn, seier Handal.

– Det er ansvarsfråskriving, og det er veldig frustrerande å ha ein motpart som tek den haldninga, legg han til.

KS usamd i kritikk

KS var også invitert til debatt hos NRK, men sa nei til å bli med i sendinga på grunn av forhandlingane. Dei har tidlegare sagt at dei meiner dei har strekt seg langt i konflikten.

– Det kan ikkje vere sånn at ein skal streike seg til meir lønn på kostnad av alle andre som er på jobb i kommunal sektor, sa arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS etter brotet med Utdanningsforbundet søndag.

Lærarane streikar fordi dei ikkje er fornøgde med tilbodet i meklinga før sommaren. Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbod held fram forhandlingsmøta med KS denne veka sjølv om Utdanningsforbundet ikkje blir med i næraste framtid.

(©NPK)

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal skuldar KS for å styre mot tvungen lønnsnemnd i lærarstreiken.
Foto: Hanna Johre / NTB / NPK

Over 100.000 norske elevar er ramma av lærarstreiken. Måndag blei ytterlegare 1.200 medlemmer tatt ut i streik over heile landet. Her frå ei streikemarkering i Bærum.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv i KS, seier dei har strekt seg langt i forhandlingane med Utdanningsforbundet.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Lærarane streikar fordi dei ikkje er fornøgde med tilbodet i meklinga før sommaren.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Forhandlingane mellom KS og Utdanningsforbundet er fastlåst etter at sistnemnde forlét forhandlingsbordet søndag.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Annonse