Annonse

Utforrennet i Beaver Creek forseinka av snøfall – avgjerd 20.30

Kraftig snøfall har forseinka mennenes verdscuputfor i Beaver Creek. Rennstart er utsett frå 18.45 til 21.00 norsk tid.

Snøvêr natt til fredag har gitt arrangøren store utfordring med preparering av løypa. Det er ikkje sikkert at rennet kan gjennomførast fredag.

Klokka 20.30 skal juryen avgjere om rennet blir prøvd avvikla. Det blir i så fall frå reservestarten eit stykke frå toppen.

Aleksander Aamodt Kilde, Adrian Smiseth Sejersted og Markus Fossland er norske deltakarar. Startnummera deira er høvesvis 11, 20 og 50 av dei 65 påmelde.

(©NPK)

Aleksander Aamodt Kilde stakar ut frå start i utfortreninga i Beaver Creek onsdag. Rennet fredag er forseinka av kraftig snøfall. Foto: John Locher, AP / NTB