Annonse

Utleigeaktørar vil promilleteste elsparkesyklistar i Bergen

Fleire elsparkesykkel-aktørar vil fredag gjennomføre promilletesting av elsparkesyklistar i Bergen sentrum. Testinga vil skje frå klokka 22 til midnatt.

Utleigeaktørane som gjennomfører promilletestane, er Bird, Bolt, Tier, Ryde og Voi, opplyser kommunikasjonssjef Øystein Sundelin i Voi.

Alle utleigeaktørane meiner det bør innførast ei promillegrense for elsparkesyklistar. Somme har valt å halde nattestengd, andre ikkje.

– Sjølve testinga vil gå føre seg ved at godt synlege representantar frå utleigeaktørane vil ta kontakt med elsparkesyklistar som er i ferd med å starte eller stoppe ein tur, opplyser Sundelin.

(©NPK)

Bird, Bolt, Tier, Ryde og Voi vil fredag 9. juli promilleteste elsparkesyklistar i Bergen sentrum.
Foto: Geir Olsen / NTB