Klargjør siden...

Utval skal vurdera politivæpning

(NPK-NTB): Eit nytt utval skal evaluera praksisen med eit uvæpna norsk politi og vurdera om han skal endrast.

Regjeringa utnemnde utvalet fredag. Det skal også sjå på erfaringane med mellombels væpning og praktiseringa av ordninga med framskoten lagring av våpen i bil, heiter det i mandatet.

– Eit endra kriminalitets- og trusselbilete gjer det nødvendig å greia ut behovet for om politiet skal vera væpna på meir permanent basis. Det er viktig at vi får eit fagleg godt grunnlag for framtidige val når det gjeld væpning av norsk politi, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp).

Innstillinga frå det sju personar store utvalet, som blir leidd av lagmann Kari Lynne ved Frostating lagmannsrett, skal etter planen vera klar 15. mars neste år.

Blant medlemmene er kriminologiprofessor Liv Finstad og tidlegare leiar av Beredskapstroppen, Anders Snortheimsmoen. (©NPK)

Annonse