Annonse

Uvêr har nådd Den dominikanske republikken

Uvêret som nettopp har ført til ekstrem nedbør og styrtflaum på Puerto Rico, nådde måndag Den dominikanske republikken.

Vindstyrken vart målt til vel 40 meter per sekund då orkanen trefte kysten av Den dominikanske republikken ved Boca De Yuma natt til måndag lokal tid.

På Puerto Rico skal orkanen Fiona ha ført til den verste flaumen nokosinne. Uvêret har ført med seg ekstreme nedbørsmengder som igjen har ført til flaum og jordras. I løpet av fem timar kom det 230–330 millimeter nedbør, opplyser meteorologar.

Søndag fossa brunt og leiraktig vatn gjennom gatene, og både bilar, førsteetasjar og dessutan ein flyplass vart fylt av gjørme.

Like før uvêret trefte, gjekk straumen på heile øya.

Ingen dødsfall

Det er ikkje meldt om dødsfall på Puerto Rico, og orkanen var i kategori 1, noko som er det lågaste nivået på orkanskalaen. Vindkasta var på opptil 38 meter per sekund.

Puerto Rico-guvernør Pedro Pierluisi har kalla uvêret for katastrofalt, og USAs orkansenter NHC meiner at situasjonen framleis kan vere livstruande som følgje av flaum og jordras.

Ein annan konsekvens er at nærare 200.000 menneske er utan reint drikkevatn.

Biden lovar hjelp

USAs president Joe Biden erklærte unntakstilstand på øya søndag, noko som inneber at føderale styresmakter skal hjelpe det amerikanske territoriet med å handtere krisa.

Det er berre fem år sidan orkanen Maria førte til enorme øydeleggingar og tap av over 3.000 liv på Puerto Rico.

– Eg trur alle puertoricanarar som levde gjennom Maria, har posttraumatiske stress og tenkjer «Kva kjem til å skje, kor lenge kjem det til å vare, og kva kan vi ende opp med å trenge?», sa Danny Hernández til nyheitsbyrået AP.

(©NPK)

Folk som er flaumfaste i eit hus, ventar på hjelp i Cayey på Puerto Rico. Orkanen Fiona førte søndag med seg store skadar og flaum. Foto: Stephanie Rojas / AP / NTB

Det er brunt flaumvatn mange stader på Puerto Rico, og det er framleis venta enorme nedbørsmengder gjennom natta og utover måndagen. Foto: Stephanie Rojas / AP / NTB

Satellittbilete av ekstremvêret Fiona over Karibia laurdag. Søndag styrkte Fiona seg til orkan. Foto: NOAA via AP / NTB

Nelson Cirino prøver å stengje vindauga og sikre huset sitt så godt han kan mot orkanen Fiona, som trefte Puerto Rico søndag kveld. Foto: Alejandro Granadillo / AP / NTB

Annonse