Klargjør siden...
Annonse

Vêret stoppar Støres helikopter frå å besøkje Otta

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) må droppe eit besøk til Otta når han tysdag er på helikoptertur til flaumramma område. Vêret gjer det umogleg.

Støre skulle etter planen besøkje Otta i Sel kommune og Ål kommune, men no går det eine besøket ut.

Statsministerens kontor opplyser at helikoptertenesta til politiet har vurdert det slik at vêret gjer det usannsynleg at dei kan komme fram til Otta.

– Eg hadde sett fram til å besøkje Sel kommune for å møte dei som er ramma av ekstremvêret, og mange som har lagt ned ein uvurderleg innsats den siste veka. Men vêrforholda gjer dessverre at vi ikkje kjem oss dit i dag, seier Støre.

(©NPK)

Statminister Jonas Gahr Støre skulle besøke både Otta og Ål i helikopter, men må droppe Otta på grunn av været. Foto: Terje Pedersen / NTB / POOL / NPK

Statsministeren besøker flomrammede områder i Ål, men får ikke landet i Otta på grunn av været. Foto: Terje Pedersen / NTB / POOL / NPK

Statsministeren besøker flomrammede områder i Ål, men får ikke landet i Otta på grunn av været. Foto: Terje Pedersen / NTB / POOL / NPK