Annonse

Vådeskot hos politiet i Buskerud

(NPK-NTB): Ein tenestemann fyrte av eit vådeskot i kjellaren på Nedre Eiker lensmannskontor i Søndre Buskerud politidistrikt laurdag. Dette er det første i distriktet, men det 21. sidan politiet vart væpna.

Skotet vart fyrt av klokka 17.45 laurdag ettermiddag. Det var ingen fare for skade på personell eller andre, og det oppstod mindre materielle skader, opplyser Søndre Buskerud politidistrikt.

Hendinga er rapportert til Politidirektoratet og Spesialeininga for politisaker.

– Dette skjedde under trening knytt opp mot prosedyre for bruk av våpen. Hendinga vil bli undersøkt av Spesialeininga. Det er derfor avgrensa kor mykje eg kan gå i detalj om episoden, seier politimeister Johan Brekke.

Dette er det første vådeskotet i Søndre Buskerud politidistrikt etter at den mellombelse væpninga vart innført i november 2014. (©NPK)

Annonse