Klargjør siden...

Vådeskudd fyrt av på Sandnes politistasjon

(NPK-NTB): Politiet i Rogaland opplyser at det gjekk av eit vådeskudd i pusserommet på Sandnes politistasjon onsdag ettermiddag.

Skotet gjekk av i 13-tida i samband med pussing av ein tenestepistol. Politimannen som fyrte av skotet, er for tida i utrykkingspolitiet, går det fram av ei pressemelding frå politiet.

Ingen kom til skade da skotet vart fyrt av, men politiet har rutinemessig meldt hendinga vidare til Politidirektoratet og varsla Spesialeininga for politisaker.

Rogaland politidistrikt undersøkjer det som skjedde. Før resultatet av dette arbeidet og tilbakemeldinga frå Spesialeininga ligg føre, blir det ikkje gitt ytterlegare informasjon om hendinga, heiter det vidare. (©NPK)

Annonse