Annonse
Annonse
Annonse

Vald blokkerer hjelpa til svoltramma i Sør-Sudan

(NPK-NTB-AFP): Hjelpeorganisasjonar seier dei ikkje får tilgang til område der menneske er trua av svolt i Sør-Sudan på grunn av aukande vald i det krigsramma landet.

Annonse

FN opplyste førre månad at om lag 30.000 menneske lever under så ekstreme forhold at dei kan svelte i hel i delstaten Unity og bad innstendig om at kampane mellom regjeringsstyrkar og opprørarar i området må ta slutt.

Trass i åtvaringane har kampane halde fram. Hjelpeorganisasjonar skuldar begge sider for å hindre livsviktig hjelp å nå fram til folket.

Leger Uten Grenser (MSF) seier dei ikkje har sett denne graden av vald og brutalitet tidlegare.

Sjølv om ein offisiell svoltkatastrofe ikkje er erklært, skildrar Integrated Food Security Phase Classification (IPC) forholda som dei verste sidan borgarkrigen braut ut i 2013.

Mange menneske som er tvungne på flukt, søv no under open himmel.

Fleire hjelpeorganisasjonar vart i mai i år nøydde til å trekkje seg ut av området på grunn av intense kampar.

– Våre forsøk på å sikre tilgang har mislykkast. Sjølv om vi gjerne vil returnere, og vi kjem til å ta alle sjansar som vi kan, kan vi ikkje gjere det dersom valden ikkje tek slutt, seier Caelin Briggs i Flyktninghjelpen.

Titusenvis av menneske er drepne i borgarkrigen som begynte i desember 2013 då president Salva Kiir skulda den tidlegare visepresidenten for å planleggje eit kupp. (©NPK)