Valdagsmålingar i Tunisia viser fleirtal for ny grunnlov

Valdagsmålingar i Tunisia viser at 92,3 prosent av dei som har stemt, seier ja til Tunisias nye grunnlov. Men valdeltakinga var låg.

Tunisiarane stemde måndag over ei ny grunnlov som gir president Kais Saied nærast uavgrensa makt viss ho blir vedteken. Folkeavstemminga er eit viktig ledd i Saieds endring av det politiske systemet i landet og blir sett på som ein trussel mot demokratiet.

Valdagsmålingar utført av det tunisiske meiningsmålingsinstituttet Sigma Conseil, skal ifølgje statleg tunisisk TV, vise at 93,2 prosent av dei som har stemt ved valet har stemt for den nye Grunnlova, melder Reuters.

Vallokala stengde klokka 22 lokal tid, klokka 23 i Noreg. Resultatet er venta å vere klart tysdag kveld eller onsdag morgon.

– Møte med historia

I alt 7.500 veljarar vart spurde på vegen ut av stemmelokala. I alt 9,3 millionar tunisiarar hadde stemmerett ved folkeavstemminga måndag. Ifølgje Sigma Conseils måling skal valdeltakinga berre ha vore på 25 prosent.

Tunisias valkommisjon oppgir seint måndag kveld at valdeltakinga på 27,5 prosent.

– Tunisiske veljarar har hatt eit møte med historia, sa leiaren av valkommisjonen Farouk Bouaskar, som omtalte oppslutninga om valet som respektabel.

Heftig kritisert

Dersom den nye Grunnlova endeleg blir vedteken, vil presidenten ha nærast uavgrensa makt og kan utnemne regjeringar utan å bry seg om avstemmingar i nasjonalforsamlinga.

Opposisjonspartia i landet har boikotta folkeavstemminga.

Saieds rivalar, blant dei det islamistinspirerte Ennahda-partiet som har dominert tunisisk politikk sidan 2011, har skulda han for å innføre autoritært styre på nytt.

Prosessen som har leidd opp til folkeavstemminga, har også vorte kritisert.

Fallande deltaking

Direktør Hassen Zargouni i Sigma Conseil seier til AFP at mange av dei som har stemt for å endre Grunnlova, i stor grad har gjort det i håp om å få Tunisia «tilbake på skjenene». Valdeltakinga i landet har gradvis falle sidan revolusjonen i 2011, då over 50 prosent deltok i vala, til 32 prosent ved valet i 2019.

– Dei fleste av dei som har no har stemt er frå middelklassen og frå veljarar som kjenner seg bedrege økonomisk, politisk og sosialt, seier Zargouni.

(©NPK)

President Kais Saied fotografert måndag då han sjølv gav stemme over grunnlovsendringa som vil gi han meir makt. Foto: Slim Abid / AP /NTB

Annonse