Klargjør siden...

Valdtektssaka mot Mendy i gang: Risikerer svært lang fengselsstraff

Manchester City-spelaren Benjamin Mendy (28) vart kalla eit «rovdyr» av aktor då rettssaka mot han starta måndag.

Mendy er tiltalt for åtte valdtekter av sju unge kvinner og to andre forhold i perioden 2018-2021. Han nektar straffskuld.

– Saka til aktoratet er enkel. Dette har lite å gjere med fotball. I staden ser vi eit nytt kapittel i ei gammal historie: Menn som valdtek og seksuelt overfell kvinner, fordi dei trur dei kan komme unna med det, sa aktor Timothy Cray.

I tillegg til Mendy er ein av hans nære venner tiltalt for åtte valdtekter og fire seksuelle overfall.

Cray kalla dei to tiltalte «rovdyr» under innleiinga si i rettslokalet i Chester. Dei to tiltalte risikerer svært lange fengselsstraffer om dei blir funne skuldige.

Det er sett av 15 veker til rettssaka, og 13 kvinner skal vitne.

Meny vart suspendert av Manchester City etter at han vart arrestert av politiet i fjor. Han sat fleire månader i varetekt før han slapp ut mot kausjon.

(©NPK)

Manchester City-spelaren Benjamin Mendy på veg inn i rettslokalet i Chester måndag. Foto: David Rawcliffe/PA via AP / NTB

Annonse