Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Danmarks statsminister Mette Frederiksen gav tysdag morgon stemma si i det danske valet.
Publisert: 01.11.2022 kl 09:52
Dermed vart ho den første av dei 14 partileiarane til å sleppe stemmesetelen sin ned i valurna.
Frederiksen stemde saman med ektemannen sin i eit vallokale i København-forstaden Værløse.
– Det har vore ein god valkamp. Det har vore ein annleis valkamp. Det har vore fleire personlege møte og fleire personlege historier. Det er ingen tvil om at inflasjonen er det som pressar på, sa Frederiksen då ho stemde.
(©NPK)
Danmarks statsminister Mette Frederiksen stemte tysdag morgon. Foto: Sergej Grits / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.