Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA-AFP): Frankrike sin statsminister Manuel Valls foreslår å forby utanlandsk stønad til moskear på fransk jord, få dagar etter at to unge IS-tilhengjarar drap ein prest i ei kyrkje i Normandie.
npk@npk.no
Publisert: 29.07.2016 kl 18:14
I eit intervju med avisa Le Monde seier Valls at han meiner det bør bli innført eit forbod på ubestemt tid mot at moskear i Frankrike kan bli bygd ved hjelp av pengar frå utlandet.
Kermiche var ein av dei to 19-åringane som utførte kyrkjeangrepet i Saint-Étienne-du-Rouvray tysdag. Han var sikta for terrorforbindelsar etter at han to gonger hadde prøvd å reise til Syria. Dei ekstremistiske haldningane hadde vore kjent for politiet i fleire månader.
Valls ønskjer no ein ny form for samarbeid mellom den franske regjeringa og islamske institusjonar i landet.
Salafisme er ein ultrakonservativ versjon av sunniislam, som blant anna har inspirert grupper som al-Qaida og IS. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.