Klargjør siden...
Annonse

Valresultatet i Georgia godkjent

Etter den siste handteljinga av stemmene vart valresultatet i Georgia fredag formelt godkjent av valansvarleg Brad Raffensperger.

Raffensperger, som sjølv er republikanar, stadfestar fredag at Joe Biden vann dei 16 valmennene i delstaten, melder The New York Times.

Raffensperger, som har handtert valet på korrekt vis, har vorte sterkt kritisert av andre topprepublikanarar for å ha late Biden vinne Georgia.

Godkjenninga er eit hardt slag mot president Donald Trumps forsøk på å omstøyte valresultatet. Han og folket hans har prøvd å blokkere den formelle godkjenninga i viktige statar i håp om å hindre at statar peikar ut valmenn som støttar Biden, i strid med valresultatet.

(©NPK)

Valansvarleg i Georgia, Brad Raffensperger har godkjent valresultatet i delstaten etter at omteljinga er over. Foto: Brynn Anderson / AP / NTB