Van Basten hardt ut mot Neymar: – Ein ekkel person

Fotballegende Marco van Basten rasar mot Neymars åtferd på banen på nederlandsk TV.

– Neymar er ein ekte dritunge, han provoserer heile tida, innleidde van Basten utbrotet sitt mot brasilianaren på UOL.

Sjølv om Neymar har fått ein fantastisk sesongstart med elleve mål og ni målgivande pasningar på 14 kampar, er det ikkje berre ros å hauste for 30-åringen.

– I det eine sekundet gjer han ein feil mot nokon, og i det neste er han offeret igjen. Han er ein ekkel person på banen. Eg ville applaudert viss nokon faktisk utfordra han, heldt nederlendaren fram.

Neymar kan det å provosere, både på og utanfor banen. Han er den spelaren i ligaen som vert dømt for flest feil med eit snitt på 3,1 per kamp. Han støtta også nyleg Jair Bolsonaro fire dagar før valet i Brasil.

Van Basten på si side hadde ein enorm fotballkarriere i Ajax og AC Milan. Nederlendaren skåra 277 mål på 373 klubbkampar og vann Gullballen i 1988, 1989 og 1992.

(©NPK)

Neymar jr. haustar hard kritikk hos Marco van Basten. Foto: Michel Euler / AP Photo / NTB.

Marco van Basten er ikkje nokon stor fan av Neymar jr.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Annonse