Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Tim Krul (34) takka nei til ein «vitskapeleg straffeøvelse» med Nederlands fotballandslag. Det kosta målvakta ein plass i VM-troppen.
Publisert: 22.09.2022 kl 18:22
Krul kom ikkje med i Nederland-uttaket til dei siste kampane i nasjonsligaen. Han kan heller ikkje vente seg å bli kalla inn så lenge Louis van Gaal er landslagssjef.
Årsaka er at han glimra med sitt fråvær frå å bli testa i ulike scenario ei målvakt kan hamne i under ein straffesparkkonkurranse. Van Gaal hadde invitert han saman med seks andre målvakter.
– Tim ringde meg og sa at han ikkje ville vere med. Eg synest det er synd, ettersom eg veit at han ifølgje statistikken reddar flest straffer. Men dette betyr at det ikkje finst ei framtid for han i landslaget. Det blir konsekvensen av avgjerda hans, seier Nederland-sjefen til avisa AD før oppgjeret mot Polen torsdag.
Van Gaal ønskte å teste ferdigheitene til målvaktene på straffer for å ha full oversikt før VM-sluttspelet i Qatar. Der skal Nederland opp mot Senegal i første kamp 21. november.
– Eg ville ha ein vitskapleg grunn å stå på. Det skal gi oss ein fordel om vi kjem til ein straffesparkkonkurranse.
Van Gaal tok nederlendarane til VM-bronse i 2014. På vegen slo dei ut Costa Rica i kvartfinalen etter siger på straffer. Då kom Krul inn som erstattar for Jasper Cillessen heilt på tampen av ekstraomgangane. Grunnen var at han hadde ein betre straffestatistikk.
(©NPK)
Louis van Gaal vrakar Tim Krul som nederlandsk landslagsmålvakt. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB