Klargjør siden...

Vaniljekremproblem i heile landet – bakeri får ikkje bakt skulebollar

Bakeri over heile landet slit med å få tak i vaniljekrem. Krigen i Ukraina og koronapandemien er delar av grunnen.

Mellom anna Pals og Tine stadfestar til NRK at dei har problem med å levere ferdiglaga vaniljekrem til kundane sine i Noreg. Bakeriprodusenten Pals opplyser at det kjem av ein kombinasjon av fleire problem.

– Nokre av underleverandørane våre manglar maisstivelse til kremen på grunn av krigen i Ukraina. Andre manglar produksjonsutstyr til å lage kremen, seier administrerande direktør Trond Petter Aarø i Pals til kanalen.

Vidar seier han at dei framleis merkar konsekvensane av pandemien, då varer ikkje kjem når dei skal. Tine seier at dei har slite med underleverandørar som ikkje har heilt reint mjøl i posen.

– Stabilisatoren vi har fått, har ikkje vore av den kvaliteten vi treng, og har gitt mykje meir tyntflytande krem eit produktet skal vere, seier kommunikasjonssjef Sindre Ånonsen i Tine til kanalen.

Han opplyser samtidig at Tine reknar med å få levert som normalt frå midten av juli.

(©NPK)

Fleire bakerier har problem med å få tak i vaniljekrem om dagen. Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland / NTB/NPK

Annonse