Klargjør siden...

«Vanvitig» torevêr svekt på veg mot kysten

(NPK-NTB): Meteorologane fortalde natt til torsdag at eit kraftig torevêr var på veg mot Vestlandet, men på veg inn til kysten har uvêret har svekt seg vesentleg.

Ustabil luft og høge temperaturar gjev ettermiddagsbyer og framleis fare for torevêr på Vestlandet, i Møre og Romsdal og på Austlandet torsdag, opplyser Meteorologisk institutt på Twitter.

Natt til torsdag tvitra meteorologane eit bilete som viser eit stort område markert med lynnedslag i havområdet mellom Storbritannia, Danmark og Noreg.

– Biletet viser observasjonar av eit vanvitig torevêr ute i Nordsjøen no i natt. Det flyttar seg sakte mot land, opplyste meteorologane.

Sidan har derimot torebyene roa seg mykje.

– Det var svært heftig då det var ute i Nordsjøen i natt, men fronten har teke til å svekkja seg allereie. Det blir kanskje nokre torebyer, men ikkje så heftig som på bileta, seier vakthavande meteorolog Solbjørg Apeland ved StormGeo til Bergensavisen torsdag formiddag. (©NPK)

Annonse