Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Under minnestunda etter helikopterulukka ved Turøy skildra Statoil-sjef Eldar Sætre dei 13 som omkom på veg heim frå jobb i Nordsjøen som vår tids pionerar.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 14:40
Familie, vener og kollegaar fylte Håkonshallen under minnestunda for dei 13 som omkom ved Turøy i Hordaland fredag 29. april.
Frå regjeringa deltok samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), som i ein sterkt bevegd minnetale fortalde at han var i gravferd for mor si same dag som ulukka hendte.
– Til familie og vener. Eg føler smerta dykkar så inderleg, sa Solvik-Olsen.
Det kjennest så uendeleg tungt når det går gale, når liv går tapt. I vårt vesle land blir det så veldig nært, sa han og heldt fram:
– No står 13 stolar tomme, i hus og på jobb. Samtalar som aldri heilt blei avslutta. Draumar som aldri heilt blei realisert. Latter og smil, som vi minnest, men som vi aldri får oppleve på same måte att. Vi føler på kor meiningslaust og urettferdig det er, sa Solvik-Olsen.
– Dei 13 var blant våre fremste. Saknet er stort. Vår takknemlegheit er djup. 13 av våre beste blei tekne frå oss altfor tidleg. Ingen kan gjere sorga mindre, men saman kan vi bere henne, sa Eldar Sætre.
Her fekk dei framførte høyre om medarbeidarar som delte sine kunnskapar, som stilte opp for kvarandre og som heldt svært høy fagleg standard. Conradi fortalde om familiefaren, Liverpool-supporteren, friluftsmannen. Han fortalde om optimisten, den gode diskusjonspartnaren, om ressurspersonen. Om smittande humor, sterk integritet, omsorg og det gode smilet.
Under den timelange minnestunda var det òg musikalske innslag ved mellom andre Ole Edvard Antonsen, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.